Men det var i grunn dags for mangen dagar sidan. Dagen kom, og gjekk, i likheit med mange andre store dagar, og vart etter kvart berre ein av mange. Ein stum representant for dei mange tusen dagar då ingenting vart starta. Ingenting skapa, omkringfundert eller sett ein stoppar for. Det vart ein dag utan ei stemme, og utan ei soge. Den dagen er for lengst forbi no. Det var dagen då alt skulle skje, men ingenting hendte. Skal eg vere heilt ærleg, og det er eg stort sett, so tykkjer eg litt synd på den dagen. For det var ingenting gale med den. Eg trur eg likte den.
Men dagen i dag, den er betre. Det er ein av dei dagane då ein ser ting, tenke på å gjere noko med den, og gjer det. Det er ein handlingsdag.
Og i dag skal eg og hallvard byrja å blogga om livet i vårt lille reir. Om korleis det går når du puttar ein musikar, ein fysikar, ein politikar og ein melankolikar inn i to vidt forskjellige gutar og plasserar dei saman på 45 kvadrat. Skapar dei ein himmel eller ein helheim?
Meir om det og deira vidare kamp mot/for/med systemet og vaksenlivet kan du fylgje på:
http://gjokereiret.wordpress.com/
We snakes.
-Erlend.