Ei kilde til å stole på? Måndag, Jun 5 2006 

Etter at ryktet om at leitinga etter fureflabberaten byrja å vandre utover verdsveven, har me allereie fått inn ei fantomteikning av uvesenet. Den er no sendt til ekspertar for vidare analyse, og om det er snakk om det endelege beviset på fureflabberatens eksistens, er inntil vidare uklårt. Fantomteikninga kjem frå ein grafisk designar frå Førde som av uvisse årsakar valgte å vere anonym.

Ein fureflabberat?

Det som står er: – (Oppe til venstre) Flyve dyr

- (Oppe til høgre) Fureflabberaten

- (Nede til høgre) Vinger

Kven, eg? Sundag, Jun 4 2006 

Eg føler ikkje,

Ergo finnast eg ikkje,

Eller er det tull?

Uansett er dette eit Haiku-dikt, og dei skal vere sånn. Gjerne litt dårlige og triste. Og eksistensielle. Japanarane, dei som fann opp haiku-diktet, syntes at bølger var det mest eksistensielle som fantes. Difor skreiv dei berre om bølgjer.

Eit rop i natta. Sundag, Jun 4 2006 

Som eit rop i natta skriv eg min første post. Det vert eit rop i natta grunna det er natt no når eg skriv, rop fordi eg likar å rope. Både til kvardag og til fest.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.