Dette er ei side som er ført i penn av Erlend. Han lever ifølge ryktene eit tilbaketrukkent liv med 4 geiter og ei ku på bunnen av ei elv. Meir enn det er det ingen som veit. For han er ei gåte betre bevart enn gåta Knut Hamsun.

Og viss du er her for å  prøve å finne ut kva ein fureflabberat er, kan eg desverre ikkje hjelpe deg. Denne sida er sjølv eit ledd i eit prosjekt der målet er å finne ut kva ein fureflabberat eigentleg er. Og kva den vil. Og kven den kjenner. Og kven den vil kjenne. Og kva den føler. Og kva den likar. Og kva den synes smakar heilt nydeleg. Og heilt forj… Og kva den likar å gjere aller best når den har fått i seg to pils. Og korleis han kom hit. Og korleis han har tenkt å reise herifrå. Og mange andre ting.

Veit du det, eller trur du du veit det, eller har du sett ein fureflabberat, eller trur du at du har sett ein fureflabberat, eller har du opplysningar om fureflabberaten, ja, gje ifrå deg ein lyd. Den vil bli høyrd.